Det er over 110 år sidan Garborg skreiv Haugtussa (1895), og diktsyklusen tek m.a. opp i seg ei førestellingsverd med tussar, draugar og gjengangarar som kan verke framand på oss som liker å kalle oss moderne menneske (det gjaldt nok også mange av lesarane på 1890-talet).
Uansett så kan vi ha både glede og nytte av å lese Haugtussa i dag. Eg vil tru at folk i dag faktisk har meir glede av å lese/høyre Haugtussa i dag enn den gongen, fordi vi nå er midt inni den store fantasybølgjen. Aldri før har folk vere så interessert i å høyre om overnaturlege vesen og fabeldyr som nå. Det lagast utruleg mykje litteratur inspirert av slikt nå om dagen, og det er av alle slags typar tekster, som dikt, forteljingar og dataspel. Særleg dagens ungdom lar seg oppteke av slikt. Dette har forfattarane og filmskaparane lagt merke til, og dei tenar utruleg mykje på det, i tillegg til av folket gleder seg over det, og dei vil nok gjere det same med Haugtussa.
Ikkje berre gleder ein seg over slike ting som Haugtussa, men ein kan ha nytte av det også. Til dømes kan det takast opp eksistensielle spørsmål, altså spørsmål om livet og kjærleiken. Vi kan også ha nytte av det for å lære litt om vår kulturarv.
Haugtussa
for 16 år siden